No startar arbeidet med skipstunnelen

Slik kan skipstunnelen sjå ut når den står ferdig om nokre år. Illustrasjonen viser innseglinga frå Kjøde − i den nordlege enden av skipstunnelen.   Foto: Kystverket/Snøhetta

Nyheiter

Samferdselsdepartementet har sendt tildelingsbrev til Kystverket som gir grønt lys for forarbeidet med Stad skipstunnel.

− Vi skal no, basert på dette tildelingsbrevet, igangsette prosessane med oppkjøp av eigedomane i området der skipstunnelen skal kome, få på plass ein prosjektorganisasjon, utarbeide konkurransegrunnlag og igangsette anbodskonkurranse, seier Terje Andreassen i ei pressemelding. Han er mellombels prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket.

Andreassen fortel vidare at Samferdselsdepartementet nå utarbeider ein proposisjon til Stortinget om prosjektet. Denne skal leggjast fram i løpet av våren.

Det er sett av 75 millionar i oppstartsmiddel i statsbudsjettet for 2021. Prosjektet er rekna til å koste 2,8 milliardar kroner (eksklusiv meirverdiavgift), med ei byggetid på tre til fire år.

− Det er et omfattande arbeid som skal gjerast, men vi har gode planar og utgreiingar som vil ligge til grunn for arbeidet. I tildelingsbrevet er det bedt om at grunnervervinga skal gjennomførast, så langt det lar seg gjere, i løpet av 2021, opplyser Andreassen.

Målet er å skrive kontrakt med entreprenør i løpet av 2021 slik at det blir byggestart i 2022.

– Om alt går etter planen vil verdas første fullskala skipstunnel kunne stå klar 2025/2026