Arrestert etter slåstkamp

Nyheiter

Politiet rykka ut til ei valdshending på Vartdal natt til laurdag. Meldinga politiet fekk omhandla slåsting/vald på ei privat adresse. Fleire personar skulle vere involvert i hendinga. På Twitter opplyser politiet at det var uklart kva som hadde hendt og kva som var årsak til hendinga.

Ein mann i 30-åra vart arrestert og politiet har oppretta sak.