Langtidsvarselet for vinterferieveka gir ikkje utsikter til draumeforhold. Sjølv om laurdagen hadde ein grå himmel og litt regn i lufta var det mange som nytta høvet til å kome seg ut på ski, både nedover og bortover. Unni Driveklepp Øye og Erlend Aambø har kort veg frå heimen i Åmdalen til det lokale skisenteret. Saman med borna Kristine og Helene kosa dei seg i barnetrekket laurdag.
Vinterferien er i gang
– Sjølvsagt skal vi på ski på Bondalseidet
Erlend Aambø og Unni Driveklepp Øye saman med døtrene Kristine og Helene starta vinterferien på Bondalseidet laurdag. Foto: Joachim Åsebø
Nyheiter