Vinterferie med klisterføre i sør – sibirkulde i nord

Det er klart for vinterferien for mange av skulane. Etter veker med kulde har temperaturane krope oppover. Det gjeld heile landet bortsett frå dei aller nordlegaste områda.   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheiter

I vinterferien får vi varmegrader i nesten heile landet. Bortsett frå heilt i nord, der sprengkulda har bite seg fast.

– Vêret i landet blir todelt til helga og neste veke, seier statsmeteorologen Unni Nilssen i Meteorologisk institutt.

Det blir ein sur vinterferie for alle i Finnmark og Troms, med temperaturar på mellom 20 og 30 minusgrader.

– Det blir opphald, men sprengkaldt. Når du kryp ned på 30 minus grader i tillegg til vind, så kan ein jo berre tenkje seg kor kaldt det kan bli. Det er kulda frå Sibir som framleis gjer seg gjeldande, seier meteorologen.

I Nordland, som må vente ei veke til før vinterferien startar, blir det i staden litt mildare luft etter kvart. Og søndag blir det truleg på plussida i tillegg til nedbør.

Pluss på låglandet

På Austlandet blir det òg varmegrader dei fleste stadene i låglandet. Fredag ser ein litt til sola, men søndag kjem det regn.

– Men vidare i vinterferien blir det opphald og plussgrader. Og det ser ut til å vare heile veka, seier Nilssen.

Trøndelag får det same vêret. Her er det òg godt på plussida. Det blir kanskje opp mot 6 grader og opphald, men med litt skyer. På Sørlandet blir det òg varmt, noko regn laurdagen, men opphald vidare og opp mot 7 plussgrader.

Heile Austlandet og Sørlandet, med unntak av Innlandet og kommunane i tidlegare Buskerud, startar vinterferien denne veka.

Opp mot 10 pluss

Vestlandet er vêrtaparen både i helga og neste veke. Men heldigvis er det ikkje vinterferie her enno. I Rogaland og tidlegare Hordaland, med unntak for kommunane Ullensvang og Voss, startar skuleferien først i veke 9.

Meteorologisk institutt varslar nedbør frå fredag. Det blir opptil 10 plussgrader og regn dei fleste dagane. Det same gjeld Nordvestlandet, sjølv om dei får litt mindre nedbør.

– Her kan det til og med bli endå varmare i område som ligg i ly for havlufta, seier Nilssen.

Mildt på fjellet

Mange stader i fjella i Sør-Noreg blir det òg mildt framover.

– Men det ligg framleis snø. Sjølv om det blir på plussida, så smeltar ikkje snøen med nokre få plussgrader, trøystar ho.

Etter mange veker med kulde har temperaturane krope oppover. Det gjeld heile landet bortsett frå dei aller nordlegaste områda.

– Det er jetstraumane som er komme til områda våre igjen. Då får ein den klassiske situasjonen med lågtrykksaktivitet og milde luftmassar som kjem frå Atlanterhavet. Vi har ei god stund hatt eit blokkerande høgtrykket som har lege over landet.