Store mørketal omkring narko-situasjonen i Ørsta-Volda

- Politikarar, foreldre og politi: Ikkje ver naive!

– Det vil vere veldig naivt av politikarar, foreldre og politi å tru at Volda og Ørsta skil seg ut på utfordringar knytt til rusmiddel.

Sprik: Mange saker knytt til ungdom og rusmiddel viser ikkje att på statistikken ifølgje Pål Inge Olsen som er koordinator for førebyggande arbeid i politiet. 

Nyheiter

Det seier Pål Inge Olsen til Møre-Nytt. Olsen er koordinator for førebyggande arbeid i politiet. Tala som barnevernet la fram for Volda og Ørsta gir bekymringar. Talet på uromeldingar var flest i Ørsta. Mange av dei knytt til rus. At politistatistikken og tala frå barnevernet er ulike er heilt naturleg ifølgje Olsen.