Volda kommune har fått melding om eit nytt positivt tilfelle av covid-19.
- Personen var i reisekarantene etter retur frå utlandet 12. februar. Personen hadde ikkje symptom då testen vart tatt i dag 19. februar. Det er valt skjerpa tiltak inntil avklart mutasjonsanalyse, skriv Volda kommune i ei pressemelding fredag kveld.
Nærkontaktar er sett i karantene. Samtlige er lokalisert i Volda.
- Situasjonen ser førebles ut til å vere under kontroll, men den blir følgt tett, skriv kommunen.
Det er nesten fire veker sidan siste positive koronaprøve i Volda.