Snart nytt kulturhus og ny Ørsta vgs

No startar detalj-planlegging av gigantprosjektet

I dette området vert det snart enorme endringar.  Foto: Kjell Arne Steinsvik.

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune melder oppstart av detaljreguleringsarbeid for nye Ørsta vidaregåande skule og nytt kulturhus.

Eller Ørsta kompetanse- og kultursenter, som det førebelse arbeidsnamnet er.

Området omfattar omkringliggande grøntareal, parkeringsareal og Barnas Vel barnehage.

Føremålet med planarbeidet er å få formelt grunnlag for å bygge ny vidaregåande skule med kompetanseklinikk for tannhelse og fleire andre funksjonar, samt nytt kulturhus. Planen skal også vise løysingar for parkering, infrastruktur og grøntareal både i tilknyting til skulen, men også til «utdanningsbandet» som er vist i Ørsta kommune sin utviklingsplan. Planområdet inkluderer hotellet for å sikre god kopling frå nytt kulturhus. Barnas Vel barnehage inngår for å kunne ivareta eventuelle behov for utviding av barnehagen.

Planområde Ørsta kompetanse- og kultursenter.  Foto: Ørsta kommune

Detaljreguleringsplanen vil vise planlagde bygg, høgde og takform, grep i høve estetikk, leikeareal, uteareal, avkøyrsle og trafikk- og gangareal kring bygningane.

Dei som har opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta høgde for i høve planarbeidet kan sende desse til Norconsult.

Når det er utarbeidd eit forslag til reguleringsplan vil denne bli lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Dette vil bli annonsert i Møre Nytt.