Nei til Hafast-tilskot

Hafast: Kartet viser ei mogleg kryssing av Sulafjorden med Hafast.   Foto: Multiconsult Statens vegvesen

Nyheiter

Fylkeskommunedirektøren tilrår avslag på ein søknad frå Hafast om planleggingsmidlar.

Selskapet har søk om tre millionar.

Pengene skal brukast til å sikre at Hafast kjem med i NTP med planleggingsmidlar.

- For å få til dette må vi ha ei dagleg leiing som kan sikre framdrifta av prosjektet (deltidsstilling). Vi må også ha midlar til innkjøp og bearbeiding av rapportar, analysar og moglegheitsstudiar, heiter det frå selskapet.

I det videre arbeidet vil det også vere behov å utvikle bodskap og gode verkemiddel, slik at samfunnseffekten av Hafast kjem tydeleg fram.

- God kommunikasjon til ulike målgrupper vert avgjerande, skriv selskapet.

Uklart

Fylkeskommunedirektøren meiner det er uklart kva planleggingsarbeid som eventuelt skal skje i regi av Hafast.

- Og det er ikkje noko kostnadsanslag på planlegginga i søknaden. Fylkeskommunedirektøren kan difor ikkje sjå at Møre og Romsdal fylkeskommune kan gi tilskot med grunnlag i denne søknaden. Fylkeskommunedirektøren tek sikte på å gå i dialog med Hafast, for å utarbeide ei nærare konkretisering av søknaden, og eit kostnadsanslag som er tilpassa fylkeskommunens regelverk, skriv direktøren i tilrådinga.