Mutert korona-virus i Ålesund

Det er første gong det er påvist mutert koronavirus i Ålesund.  Foto: Illustrasjonsbilete Svein Nordal

Nyheiter

Ålesund kommune fekk i torsdag melding om at ein polsk statsborgar som er i isolasjon, har fått påvist den britiske mutanten av SARS coV-2 viruset. Det melder Sunnmørsposten.

Dette er første gong det er påvist mutert koronavirus i Ålesund.

Det er ein polsk statsborgar har fått påvist den britiske mutanten av SARS coV-2 viruset. Sunnmørsposten skriv:

• Vedkomande var i innreisekarantene i samband med mannskapsbyte på eit norsk farty, då han den 9. februar fekk påvist smitte med koronavirus etter test hos Medi3. (Dette er tidlegare meldt om den 10.02 til presse og oppdatert på heimesida til kommunen).

• Vedkomande blei flytta frå innreisekarantene til isolasjonsleilegheit i regi av Ålesund kommune.

• Personen hadde då testa negativt ved hurtigtest både før han reiste frå heimlandet, og ved grensepassering ved norsk flyplass. PCR-testen som blei tatt ved Medi3, blei analysert ved Fürst medisinske laboratorium i Oslo. Den blei så sendt vidare for sekvensering ved FHI. Dette blei stadfesta i dag 18. februar.

• Til saman 15 personar som var i innreisekarantene og som vart testa samtidig som vedkomande, blei sett i smittekarantene. Dei testa alle negativt. Nokre har vore testa fleire gonger og alle blei testa på nytt etter sju døgn. Alle nærkontaktar har testa negativt.

• Den smitta har ikkje hatt symptom, men har på grunn av testresultatet blitt behandla som smitteførande etter gjeldande retningsliner. Isolasjonstida er no utvida frå 10 dagar til 14 dagar.