Fylkesdirektøren heiar på Ferjeaksjonen

Ordførar Sølvi Dimmen i Volda støtta ferjeaksjonistane på Lauvstad som i desember 2019 protesterte for å få ned billettprisen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Direktøren for fylkeskommunen vil opne lommeboka og løyve 200 000 kroner til stiftinga Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal.


Aksjonerte på Lauvstad

– Ferjeprisane vil kvele oss

– Vi vert eit Finnmark i vest. Ferjeprisane vil kvele oss, sakte men sikkert.


Foreninga er ein interesseorganisasjon som skal arbeide for lågare ferjetakstar og godeferjeløysingar på kysten. Foreninga skal også arbeide for å synleggjere behovet for, og konsekvensane av, at næringsliv, pendlarar og innbyggjarane på kysten må ha same transportkostnader som resten av landet.

Det vert no arbeidd med finansiering, og målet er å få inntekter frå medlemer, bedrifter, næringsliv og andre offentlege tilskotsordningar. Førebels kostnadsbudsjett er på 400 000 kroner for 2021.

- Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidd for ei betre ferjefinansiering i lengre tid. Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal vil vere ein medspelar i så måte. Fylkeskommunedirektøren vil tilrå at fylkeskommunen støttar arbeidet, heiter det i tilrådinga.