På årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb tysdag kveld blei det valt inn nytt styre.
Det nye styret er slik:
Styreleiar: Daniel Garden
Nestleiar: Veronica Pilskog
Styremedlemmer: Ajla Deric, Sindre Dimmen, Halfdan Strømgren, Ida Christin Eriksen og Eskild Skov Pedersen.
Varamedlemmer: Raymond Welle og Jørn Håskjold.
Sunnmørsk Klatreklubb hadde 670 medlemmar per 31.12. Det nye styret i Sunnmørsk Klatreklubb trur også 2021 blir eit år med høg aktivitet.
- Klatrehallen i Ørsta og klatrehallen i Volda har bidrege til at interessa for klatring har eksplodert. Vi hadde 114 deltakarar på brattkortkurs i 2020, og så langt i år har vi allereie køyrt fleire fulle kurs, seier styreleiar Daniel Garden, og legg til:
- Vi skulle gjerne ha invitert publikum i større grad til klatrehallane og aktivitetane våre, men må halde tilbodet særs begrensa no under covid-19. Minner likevel om tilbodet om drop-in fire dagar i veka fordelt på Ørsta og Volda. Moglegheitene for å prøve hallane er der, seier han.
Med tilsettinga av Øyvind Festø som driftskoordinator har klubben moglegheita til å auke aktiviteten og gi medlemmane eit enda betre tilbod.