Barn, unge og studentar får korona-lettelsar tysdag

Nok ein gong er det gjort endringar i smitteverntiltaka.  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Regjeringa melder fredag ettermiddag at det blir lettelsar i dei nasjonale smitteverntiltaka for barn, unge og studentar.

Regjeringa si avgjerd byggjer på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Endringane gjeld frå midnatt, natt til tysdag 23. februar.

Og lettelsane vil mellom anna seie at atudentar kan vere mer fysisk til stade på høgskular og universitet. Og det blir igjen tilgang til bibliotek og lesesaler, rett nok under strengt smittevern.

Vidare vert det opna opp for idrettsarrangement og konkurransar for barn og unge som samlar deltakarar frå same kommune.

Desse arrangementa kan ha inntil 50 personar innandørs og 200 personer utandørs.

Vidare vert kravet om fastmonterte plassar erstatta med krav om faste, tilviste sitteplassar.

På nokre felt vert det innskjerpingar. I dag er det lovleg å skjenke alkohol til midnatt for dei som også bestiller mat. No vert det skjenkestopp klokka 22.00.