Uromeldingar om rus blant unge i Ørsta bekymrar

– Rusreforma vil gjere narkotika meir tilgjengeleg blant dei unge

Avkriminalisering av narkotika vil vere svært negativt, ifølgje Norsk Narkotikapolitiforeining Sunnmøre. Politikarane er uroa for tal lagt fram i Ørsta, men er delte i synet på ruspolitikken.

Kritisk: Erik Lind er leiar for Norsk Narkotikapolitiforening på Sunnmøre. Foto: Privat 

Nyheiter

Nasjonalt er det ein stor debatt kring framlegging av den nye rusreforma. Kort samanfatta vil den nye reforma avkriminalisere bruk, kjøp, eige og oppbevaring av mindre mengder narkotika. Det vil ikkje vere lovleg, men skal ikkje straffast. Leiaren av Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) på Sunnmøre, Erik Lind, er svært bekymra for framtida til dagens ungdom om dei folkevalde på Stortinget vedtek forslaget.