Volda skisenter stengjer på grunn av snømangel

Volda Skisenter då det var betre tilhøve. Snøen har smelta fort i bakken.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Torsdag er det skulekøyring på Volda skisenter, men det kan bli siste aktiviteten i bakkane på ei stund.



På si facebookside har skisenteret nemleg meldt at dei stengjer skisenteret etter skulekøyringa. Og vidare:

«Det er for lite snø i heile anlegget til å kunne ha forsvarleg drift, så no må vi berre håpe at det kjem påfyll snart.»