Koronatesting på Volda ungdomsskule

Koronatesting.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheiter

For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg blant anna for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.

Tilbodet gjeld også andre voldingar som har utfordringar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda, melder Høgskulen i Volda på si nettside.

Alle med symptom, nærkontaktar, og dei som er tilreisande frå områder med høgt smittetrykk vil bli testa. Og testinga går føre seg i den eine av gymnastikksalane på ungdomsskulen.

Viktig informasjon om testinga:

Bestill time på førehand. Dette kan ein gjere på koronatelefonen til Ørsta og Volda kommune.

Møt opp så presist som mogleg, for å unngå at det vert unødig kø.

Hald minst 2 meters avstand til andre.

Bruk munnbind dersom du har luftvegssymptom eller kjenner deg sjuk på anna vis.

Gå rett inn og rett ut av området for teststasjonen.

Testresultat:

Svaret kan ein finne på helsenorge, eller ved å ringe koronatelefonen i opningstida. Ein

kan rekne med å få svaret på koronatesten i løpet av 2 dagar.