Held fram i fylkesstyret

Hans Olav Myklebust er organisatorisk nestleiar i Møre og Romsdal Frp.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Hans-Olav Myklebust held fram i styret til Møre og Romsdal Frp. Årsmøtet attvalde Frank Sve som leiar.

Fylkesårsmøtet vart gjennomført digitalt i helga med 70 delegatar utan observatørar og gjester.

Politiske debattar og andre årsmøtesaker vert teke att på eit utvida rådsmøte når smittevernreglane opnar for det.

Fylkesstyret er samansett av fylkesleiar Frank Sve, politisk nestleiar Håkon Strand, organisatorisk nestleiar Hans Olav Myklebust, studieleiar Wenche Gausnes Aasen, medlemsansvarleg Nils Petter Tonning, styremedlemmane Geir Stenseth, Inger Lise Nerland Skogstad, Ann-Karin Sæther, Sunndal, Elisabeth Lauvstad Haugen, senior Kåre Fjørtoft, Joakim Myklebost Tangen (Fpu) og stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale.