Dette kulturminnet er det berre å rive

Møre og Romsdal fylkeskommune gir Ørsta kommune klarsignal til å rive Hammarbuda på Nordre Vartdal. Samstundes får kommunen kritikk.

Hammarbuda: Fylekskommunen gir klarisgnal til å rive kulturminnet på Nordre Vartdal. 

Nyheiter

– Vi finn det uheldig at Ørsta kommune som eigar av eit lokalt viktig kulturminne ikkje har gjort forsøk på å sikre Hammarbuda tidlegare. Forfallet er nå kome svært langt og vi vil ikkje påklage eit eventuelt rivingsvedtak, heiter det i eit skriv frå Heidi-Iren Wedlog Olsen, som er kulturdirektør i fylkeskommunen.


Løysing for Hammarbuda

Alle er no positive til ei løysing, og difor går det mot ei restaurering av Hammarbuda på Nøre Vartdal.


Det er Ørsta kommune sjølve som har vendt seg tiul fylkeskommunen for å forhøyre seg om lagnaden til Hammarbuda. Der har kommunen forklart at buda er eit kulturminne, men der manglande vedlikehald siste åra har ført til at buda nærmast er falleferdig.

Møre og Romsdal fylkeskommunen seier altså ja til at bygningen kan rivast.

– Vi ber likevel om at ein forhøyrer seg om nokon kan ha interesse av å sette buda i stand, og eventuelt bruke den som fritidseigedom, skriv Wedlog Olsen. Ho ber uansett om at delar av bygningsmaterialet blir teke vare på.