Psykolog om pandemien:

– Vi er på ei oppløpsside

I desember presenterte Folkehelseinstituttet historisk låge tal i ei fersk livskvalitetsmåling. Forskar og psykolog Ragnhild Bang Nes trur tala no etter nyttår ville vore like låge, om ikkje verre. Ho minner om at vi må prøve å halde oppe ein normalitet.

– Eg trur at viss vi måler lykke eller bekymring eller einsemd i befolkninga no, så er tala iallfall ikkje betre enn det dei var i desember. Det er vel ein sånn all-time-low, tenker eg, seier forskar Ragnhild Bang Nes.   Foto: Astrid Waller

Nyheiter

– Om vi køyrer same undersøkinga no, så kan det hende at vi får enno dystrare tal. Lufta har gått litt ut av ballongen, verkar det som. Det er mange som hadde gledd seg til og trudde at det skulle lette litt ved nyttår, og så kjem det berre strengare og strengare tiltak og nye mutasjonar. Så eg trur det er ein slags kollektiv pessimisme om dagen, seier forskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet.