Elevar og lærarar var ikkje korona-smitta

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Teststasjonen i Hovdebygda fekk torsdag morgon svar på 45 prøver frå tilsette og elevar ved Velle skule. Alle var prøvesvara var negative.

Etter gjeldande regelverk kan dei no gå ut av karantene. Regelverket seier at ein kan gå ut av karantene dersom ein tek test tidlegast sju døgn etter siste kontakt med den smitta, testen er negativ og ein kjenner seg frisk.

Tidlegare denne veka gjekk fire nærkontaktar ut av karantene etter negativ test. Det er førebels ikkje meldt om fleire smitta i samband med den koronasmitta Ørsta kommune fekk meldt 27.januar.

Det er framleis nokre i karantene i Ørsta og Volda kommune, og teststasjonen ventar fleire prøvesvar i løpet av dei neste dagane. Og meiner å ha god kontroll på situasjonen.