Seksti i karantene skal testast på nytt onsdag

Seksti personar i Ørsta-Volda sit framleis i karantene, og skal testast på nytt i morgon, onsdag.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda og Ørsta kommune har ikkje fått melding om fleire positive smittetilfelle etter dei to som vart meldt i Ørsta 27. og 28. januar.

Smittetilfellet meldt 28. januar hadde ingen nærkontaktar. I samband med smittetilfellet meldt onsdag 27.januar vart over 60 personar busett i Ørsta og Volda sett i karantene og testa.

Alle prøvesvara frå første test var negative. Personane sit framleis i karantene og skal testast på nytt i morgon, onsdag 3. februar.