Koronavaksine nummer tre godkjend til bruk i Noreg

AstraZenica si vaksine er godkjend til bruk i Noreg, og helseministeren ventar å få 200.000 doser i løpet av februar.  Foto: ILLUSTRASJONSFOTO: OLE BERG-RUSTEN / NTB / NPK

Nyheiter

EU-kommisjonen godkjende fredag AstraZeneca si vaksine til bruk i Europa og Noreg. Det skjer etter at Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) rådde til å gje vaksinen ei betinga godkjenning.

- Eg er glad for at den tredje vaksinen mot covid-19, AstraZeneca-vaksinen, no har blitt godkjend til bruk her i landet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

- Vi ventar nær 200 000 doser i februar, fordelt på tre leveransar. Endeleg leveringsdato er ikkje heilt avklart. Og vi reknar med å få eit tilsvarande volum av AstraZeneca-vaksinen i mars. Sjølv om vi no får eit mykje mindre volum enn prognosane våre tilsa, trur vi at vi kan tilby denne vaksinen til ein stor del av den vaksne befolkninga i løpet av våren og sommaren, seier Høie.

Vaksinen er godkjend for alle over 18 år. Folkehelseinstituttet vil tidleg neste veke, og før dei første vaksinedosene kjem til Noreg, kome med ei tilråding om kven som skal få denne vaksinen.