37 femteklassingar blir testa

Årsaka: Sterk mistanke om smitte hos nærkontakt

Det var massetesting av femteklassingane frå Velle skule torsdag.  Foto: Illustrasjonsfoto Svein Nordal

Nyheiter

Dei 37 elevane i klasse 5A og 5B på Velle skule er sende på teststasjonen for å ta korona-test, og dei er saman med sju lærarar og fire assistentar pålagde 10 døgns karantene.


Skuleklasser, lærarar og skirennarar i karantene

Koronasmitta var på Ørsta skisenter søndag




Dette har samband med det store korona-utbrotet i Førde/Sunnfjord kommune, der fleire hundre er i karantene og nærare førti personar har vorte smitta siste veka. Ein ørsting busett i Førde var på Ørsta skisenter søndag, og fekk påvist korona-smitte seint tysdag kveld.

Både skirennarar, dei to femteklassene, lærarar og andre nærkontakter er no testa, og sette i karantene.

- Årsaka til at vi har sett alle desse femteklassingane i karantene i ti dagar framover, er fordi vi hadde/har sterk mistanke om at ein person dei har hatt nærkontakt med dei siste dagane er smitta av korona. Vi bestemte dette før testsvaret til vedkomande kom tilbake, for det er jo slik at testen berre er eit av mange verkemiddel for å fastslå smitte og sjukdom, seier kommuneoverlege i Ørsta, Marte Vaage Øie.