Sjekk kven som får korona-kroner

Leiar Erlend Andersen i Ørsta IL.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I Volda og Ørsta kommunar vart det søkt om 697.848 kroner i koronakompensasjon frå krisepakke tre innan søknadsfristen 15. januar. Lag og organisasjonar kunne søkte om midlar for tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. I tillegg til tapte billettinntekter, tapte utleigeinntekter og inntekter frå tapte oppdrag. Søkarane kan få tildelt mellom 50 og 70 prosent av godkjent søknadsbeløp. På landsbasis blir det utbetalt over 1,3 milliardar kroner i kompensasjon.