Skuleklasser, lærarar og skirennarar i karantene

Koronasmitta var på Ørsta skisenter søndag

Den smitta var på Bondalseidet og tok trekket sist søndag, då det var mykje folk i anlegget. Dette biletet vart tatt helga før.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ein ørsting busett i Førde var sist søndag på Ørsta skisenter, og fekk seint tysdag påvist koronasmitte. Smittesporingsarbeidet er starta.

Ørsta kommune opplyser at dei onsdag fekk melding om seks nærkontaktar til han som har testa positivt i Sunnfjord kommune. Desse seks er sett i karantene og testa.

Smittesporingsarbeidet er i gang i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Vedkomande som er smitta var altså i Ørsta i helga og var på ski på Bondalseidet på søndag. Vedkomande var ikkje innom varmestovene og vi vurderer sannsynet for vidare smittespreiing på skisenteret som svært låg, skriv kommunen. Personar som var i kontakt med den smitta i skibakken er likevel testa og sette i karantene.



Dette skiltet var sett opp på Ørsta skisenter sist søndag. Trekket var fullt i høve til smittevernreglane - det vil seie hundre dagskort pluss sesongkort - og ikkje i forhold til kapasitet i normale tider.   Foto: Svein Aam

Velle skule er også råka av dette smittetilfellet, der elevar og tilsette på 5. trinn er sett i karantene og vil bli testa. I tillegg til klasse 5A og 5B er sju lærarar og fire studentar sette i karantene. Smittesporingsarbeidet held fram.

Stort utbrot

På Sunnfjord kommune si heimeside står det at det siste veka er påvist 33 smitta i kommunen, nær tjue av desse dei to siste døgna, og ein ventar fleire smitta dei næraste dagane.

Ni av dei smitta er kobla til aktivitet i ein klatrehall førre veke. Dei smitta er primært i 20 – 40 års alder, og over tre hundre er sett i karantene.

Sunnfjord kommune er i dialog med høgskulen i Førde for vidare oppfølging i studentmiljøet med testing og eventuelt karantene.