Vaksine til alle som har opphalde seg i Volda lenge

Vaksine til gjestar i Volda.   Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Volda kommune fortel at alle som oppheld seg i kommunen over lenger tid, men ikkje er registrert som innbyggar eller har fastlege i Volda, har rett på å få vaksine i kommunen.

«Skal du ha prioritet på grunn av sjukdom og auka risiko, må du be fastlegen din sende oss ei melding om dette. Fastlegen kan sende meldinga til Volda og Ørsta legevakt som ein dialogmelding-forespørsel.

Om du skal ha prioritet på grunn av alder, kan du sjølv ta kontakt med vaksinetelefonen og registrere deg når det nærmar seg at det er din tur. No i starten vil dette berre vere aktuelt for deg som er over 75 år», skriv Volda kommune på si heimeside.