Volda kommune oppmodar folk som har vore i austlandsområde dei ti siste dagane om å teste seg for covid-19 den komande veka.
- Regjeringa har frå fredag 23.01.21 kl. 12.00 sett i verk strenge smitteverntiltak i ti kommunar i sentrale austlandsområdet. Dette skuldast smitteutbrot med ein særs smittsam virusvariant. Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet og landet forøvrig. Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå disse områda både i arbeid og fritid., heiter det i ei pressemelding frå kommunen.
Kommunen kjem med fem konkrete råd til alle som har vore på reise i sentrale austlandsområdet eller har hatt kontakt med personar som har vore i desse områda dei siste 10 dagane.
- Hald 2 meters avstand til alle du møter.
- Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
- Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
- Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
- Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom (ikkje ring legevakta men vent til teststasjonen opnar på måndag).