Barneskirenn i Follestaddalen

– Vi kan ikkje klage på dette her

Konsentrerte blikk, ivrige stavtak og eit stort smil då medaljen kom rundt halsen summerte opp barneskirennet i Follestaddalen søndag.

Barneskirenn: Jonathan Hjorthaug Strand hadde følgje av Ida Ørstavik og Therese Strand gjennom løypa. 

Nyheiter

Eit fantastisk vintervêr gav ei flott ramme for skirenn. Koronarestriksjonar gjorde at det var eit tak på kor mange som kunne ta del. I underkant av sytti deltakarar tok seg gjennom løypa ved sida av samfunnshuset, og fekk medalje då dei kom i mål etter ei runde.