Ingen fleire med påvist smitte

Tre i isolasjon og to i karantene

Volda kommune melde torsdag ettermiddag at dei ikkje har mottatt fleire positive prøvesvar sidan tilfellet som vart rapportert om tysdag 19. januar.

Frå teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Denne veka til og med onsdag vart det testa 187 personar i Ørsta og Volda. Dette viser ein nedgåande trend, færre har oppsøkt teststasjonen denne veka.

Det er tre personar som er i isolasjon og to nærkontaktar i karantene i Volda kommune, som melder at dei byrjar å vaksinere heimebuande eldre over 85 år den 4. februar.

Helsepersonell startar å ringe personar som er 85 år og eldre som bur heime. Gjennom telefonsamtalen vil dei eldste få informasjon om vaksinen, og helsepersonell vil registrere om dei ynskjer å takke ja til å få vaksine.

Når dei seinare får tildelt tid for vaksine vil vi kunne fange opp dei som ikkje svarar og vi vil då ta kontakt med dei på telefon.

Det vert også sendt ut informasjonsbrev til personar som er 75 år og eldre om vaksinering mot koronavirus.