Kongens fortenestemedalje til Synnøve

Synnøve Rekkedal Hill har tidlegare fått mange prisar og utmerkingar, men ho fortener også Kongens fortenestemedalje, fastslår Reidun Aambø i ei pressemelding og gled seg over at søknaden førte til medalje.  Foto: Privat

Nyheiter

På grunn av koronaforbod mot arrangement troppa medalje-søkaren Reidun Aambø opp i Hjørundfjorden med den glade kunngjeringa: Synnøve Rekkedal Hill skal dekorerast med Kongens fortenestemedalje i februar. Staden er sjølvsagt Rekkedal Gjestehus, på den garden ho vaks opp. Seinare får ho audiens hos Kongen på Slottet.

- Eg har ofte lese om Synnøve Rekkedal Hill i avisene, men det var først då eg intervjua henne for å skrive boka Kvinner i Ørsta og Volda at eg verkeleg såg kor mykje ho har vore engasjert i og fått utretta. Parallelt med boka skreiv eg derfor ein lang søknad i all hemmelegheit. Den sende eg så tidleg som 8. august 2020, men alt har tatt tid på grunn av Covid-19. Slottet melde om forseinkingar og karantene. Først no i januar kom svaret. Eg tvilte aldri på at det vart positivt, seier Aambø.

Ballett og politikk

- Rekkedal Hill har hatt lang fartstid i helsevesenet og er politisk aktiv både i kommunestyret og formannskapet, men i søknaden la eg særleg vekt på innsatsen og engasjementa på frivillig basis. Synnøve Rekkedal Hill ser behova i samfunnet og gjer noko med dei. Døme er trafikktrygging av skuleveg og busskur på bygdene, barnehage, utstyr på sjukehuset, aksjonar mot nedlegging av akuttfunksjonen ved Volda sjukehus og fremjing av berekraft i landbruket sitt kulturlandskap. Rekkedal Hill går laus på store oppgåver og har mange leiarverv. Og ho held ut i årevis. Ikkje minst kjenner vi henne som styreleiar og kasserar i Ørsta og Volda ballettskule der ho også har hatt uløna rektoransvar i meir enn 20 år. Tankegangen hennar i ballettarbeidet: "Vi driv ikkje med ballettkonkurransar, alle er med, ingen sit på benken".

Kulturvernlaget

- Synnøve Rekkedal Hill er også ein pådrivar og ei drivkraft i Hjørundfjord kulturvernlag som har restaurert mange gamle hus, naust, setrar, kylner, båtar og bruer. Synnøve har ikkje berre vore leiar og kasserar på frivillig basis i 22 år, ho kjem også med ideane og er med på dugnadar. Førebels siste prosjekt i laget er oppbygging av eit fonn-dokumentasjonssenter på Sæbø. Stine Gulla som er nestleiar i Ballettskulen og Kjell Arne Aarseth som er med i Hjørundfjord kulturvernlag synest det er gledeleg og heilt på sin plass at Synnøve vert heidra på denne måten.