Tre smittetilfelle i Ørsta i 2021

Koronatesting i Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Sidan årsskiftet har det blitt registrert tre smittetilfelle av covid-19 i Ørsta kommune.

- Det er høg testaktivitet på teststasjonen i Hovdebygda. 629 personar vart testa i veke 1 og 437 personar i veke 2. Sidan nyttår har vi hatt 3 smittetilfelle i Ørsta kommune. Desse har vore knytt til innreise frå utlandet, opplyser Ørsta kommune.

Arbeidet med testing og smittesporing fungerer godt ifølgje kommunen.

- Teststasjonen i Hovdebygda fungerer godt, og vi kan raskt trappe opp aktiviteten ved smitteutbrot. Vi har også ei velfungerande beredskapsordning for smittesporingsarbeid i samarbeid med Volda kommune.