Vogntog i grøfta

Nyheiter

Politiet har torsdag føremiddag fått melding om eit vogntog som har køyrd av vegen i området ved Flåvika på Vartdalsstranda i Ørsta kommune. Ingen personar er skadd, ifølgje Sunnmørsposten.

Vogntoget skal vere litt til hinder for det eine køyrefeltet, men det er råd å passere.