Tussa har sett i drift Osdalen kraftverk

Tussa har sett i drift sitt 23. vasskraftverk.

Osdalen kreftverk er sett i drift.  Foto: Tussa

Nyheiter

Osdalen kraftverk vil ha ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 16 GWh, som er straum til om lag 800husstandar i eitt år, heiter det i ei pressemelding frå Tussa om det nye kjraftverket.

Kraftverket utnyttar ei fallhøgd på 177 meter. Inntaket er bygd nedstraums Osdalssætrevatnet, og ei knapt to kilometer lang nedgraven røyrgate fører vatnet til kraftstasjonen, som står like framom Osdalsgardane.

Kraftverket har ein installert effekt på 4,3 MW.

For å føre krafta ut på nettet har Tussa lagt ein vel 6,5kilometer lang straumkabel frå Kalvatn til Osdalen. Heile prosjektet har ein byggjekostnad på om lag 65 millionar kroner.

Tussa fekk konsesjon på Osdalen kraftverk i 2014, og byrja utbygginga i august 2019.

Store investeringar i vasskraft

Tussa har no 23 vasskraftverk på søre Sunnmøre. Utbygginga i Osdalen er ei av fleire investeringar Tussa har gjort i nybygg og rehabilitering av vasskraftverk siste åra. Dei siste åra er tre nye vasskraftverk sett i drift i Vanylven kommune, og det er gjennomført oppgraderingar ved fleire av dei eldre kraftverka, mellom dei Tussa, Ulsteindalen og Åmela kraftverk