Nytt om namn ved høgskulen

Øystein Salhus er tilsett som musikkterapeut i Kinn kommune, melder rektor Johann Roppen i nyhendebrevet denne veka..

Øystein Salhus byrjar som musikkterapeut i Kinn kommune.  Foto: Malene Romestrand

Nyheiter

Salhus har framleis 20 prosent stilling ved Høgskulen i Volda. Mykje av stillinga som musikkterapeut er knytt til Måløy og arbeidsområde er eldrehelse.


Vidare har Andreas Brandsæter teke til i fast stilling som førsteamanuensis på institutt for realfag, AHL.

Jade Jørgen Sandstedt har teke til i fast stilling som førsteamanuensis på Institutt for språk og litteratur, AHL

Hege Lende Sørbråten har teke til i årsvikariat som høgskulelektor på institutt for språk og litteratur, AHL.

Kari Eldby Rygg har teke til i fast stilling som høgskulelektor på institutt for pedagogikk, AHL.

Professor Per Henning Uppstad, Universitetet i Stavanger, held fram som professor II i 2021 på AHL.

Olaug Bjørneset har teke til i fast stilling som høgskulelektor på institutt for journalistikk, AMF.

Charlotte Louise Loxley Helleland har teke til i fast stilling som høgskulelektor på institutt for journalistikk, AMF.

Oddvar Aalde har teke til i stipendiatstilling på ASH.

Andreas Høydalsvik har teke til i fast stilling som overingeniør på IT-kontoret.