Kommunen må betale politikarane sine sjølve

Ørsta kommune må betale honorara til politikarar i interkommunale selskap.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Fram til no har det vore praksis at Volda og Ørsta reinhaldsverk har betalt godtgjersla til Ørsta kommune sine medlemmer i representantskapet. Det skal det no verte slutt på.

Det var i 2019 at kommunerevisjonen påpeikte at dette var uheldig. Kommunen burde betale godtgjersla sjølve, og ikkje belaste selskapet. Kommunestyret slutta seg til denne merknaden.

Difor er det no utarbeidd eit nytt reglement, og der det vert presisert at det er kommunen som skal betale godtgjersla for sine representantar i ymse representantskap i interkommunale selskap.

Godtgjersla er på 1.200 kroner per møte. Leiaren får tilsvarande det ein utvalsleiar får, 2 % av ordførarløna, pluss 1.200 kroner i møtegodtgjersle per møte.