Vegen opna etter snøskred

Nyheiter

Tysdag ettermiddag gjekk det eit mindre snøskred i Norangsdalen, og fv. 655 vart stengd mellom Skylstad og Fivelstadhaugen. Vegen vart opna onsdag føremiddag.

– Det var eit mindre skred, og eg køyrde igjennom det med brøytebilen tysdag. Eg satsar på å få rydda vegen i løpet av onsdagen, fortalde brøytesjåfør Idar Nordang då Møre-Nytt var i kontakt med han onsdag morgon.

Det er meldt om stabilt og kaldt ver dei komande dagane. Det reduserer rasfaren.