Set i stand Botnasanden i år

Sommarstemning i Vassbotnen ved Rotevatnet.   Foto: Arkiv Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune søkjer staten om tilskot på nær 900.000 kroner til istandsetjing av badeplassen Botnasanden ved Vassbotnen. Planen er å shine opp området i løpet av 2021.

I fjor kjøpte kommunen Botnasanden av grunneigar, og Torgeir Stensø i kommunen skildrar i søknaden planane vidare:

«Det vil vere behov for å bygge bru over Høgedalselva som har utløpsosen sin på Botnasanden slik at ein får tilkomst til den nordlegaste delen af friluftsområdet. Vidare er det aktuelt å bygge sanitæranlegg med HWC, WC, dusj, stellerom og skifterom ved parkeringsplassen. Drenering av delar av myrområdet ved stranda og etablere grasplen. Kjøpe benkar, bord og søppelkasser. Etablere grillplassar. Sykkelparkering ved parkeringsplassen.

Kommunen har dialog med idrettslaget Utrøna seglarlag om bygging av eit aktivitetsnaust på området. Dette planleggast nytta til opplæring i vindsurfing og oppbevaring av utstyr/materiell for dette. Plan for eit slikt bygg er førebels ikkje konkretisert.»

I søknaden viser Stensø til at tiltaket vil bli til glede for 6500 fastbuande i sentrum i tillegg til 2000 studentar. Og sjølvsagt tilreisande som også kan finne på å ta turen til Volda og Rotevatnet for å bade.