Nysnøen tysdag sikrar gode forhold for skigåing ,men det er ein hake ved det heile: Varsom.no melder om faregrad tre - betydeleg rasfare- på Sunnmøre både onsdag og torsdag.
Skredvarselet for onsdag lyder: "Det ligg store ferske fokksnøflak i leheng mot aust og søraust som er lette å løyse ut. Forholda er krevjande med vedvarande svake lag i snødekket. Fjernutløysinger muleg. Unngå utløysningsområde og utløpsområde for skred."