Finn ikkje smittekjelde i Volda

Ingen fleire positive prøvesvar, men uro over ukjend smittekjelde i Volda.

Koronatesting. Smittekjelda i Volda er ukjend.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har ikkje mottatt fleire positive prøvesvar på covid-19, heiter det i ei pressemelding frå Volda kommune onsdag ettermiddag..

- Vi har no fått svar på prøvene til alle nærkontaktane til personen som testa positivt 8. januar. Nærkontaktane har fått tilbod om å ta ny prøve torsdag 14. janua, heiter det i pressemeldinga.

Det vert presisert at smittekjelda ikkje er kjend, og kommunen oppmodar alle om å ha gode smittevernrutinar.