Ørsta kommune blir med i Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Ørsta vert med i Opplæringskontoret.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Frå 1. juli 2021 vert Ørsta kommune medlemsbedrift hjå Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre.

Ørsta kommune har teke imot lærlingar i om lag 22 år, og har såleis lang erfaring med å drifte lærlingordninga. No når opplæringskontoret tek over vil dei dekke alle 7 kommunane på Søre Sunnmøre når det kjem til lærlingar i kommunale fag. Som tidlegare år vil Ørsta kommune ha læreplassar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og institusjonskokkfaget.

Opplæringskontoret skal koordinere og støtte fagopplæringa i kommunen og medverke til at opplæringa held god fagleg kvalitet. Dei skal også representere kommunen ut mot elevar i vidaregåande skule, samt vere bindeledd og kontaktperson mellom skule og lærebedrift.

Opplæringskontoret tek over lærlingansvarleg sine oppgåver med å administrere rekrutteringsprosessen, gjennomføre intervju, og opprette lærekontrakt mellom bedrifta, lærlingen og fylket. Opplæringskontoret organiserer samlingar og felles opplæring for lærlingane og for instruktørane, og representerer eit stort miljø på tvers av kommunane. Dei vil også følgje opp lærlingar og instruktørar individuelt.

Ørsta kommune skal framleis ha ein felles fagansvarleg i helsefaget, som kan sikre kontinuitet mellom lærestadane, følgje opp og sjå etter progresjon. Maria Mork vil halde fram i denne stillinga. Felles fagansvarleg vil også ta del på intervju og medverke til organisering og koordinering mellom dei ulike lærestadene i kommunen. Fagansvarleg er ansvarleg for å følgje opp instruktørane og lærestaden i faglege spørsmål, og gjennomfører rettleiingsdagar/ halvårsvurdering saman med instruktør. Når det oppstår uklarheit, stort fråvær eller andre saker som krev avklaring, skal opplæringskontoret ta ansvar for dette.

Fram til overgangen i juli vil Hilde Flotve Mo halde fram som lærlingansvarleg i Ørsta.

Søknadar om læreplass i Ørsta kommune frå hausten 2021 skal sendast til Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre via deira nettside.