Sivilforsvaret testar tyfonane

Sivilforsvaret vil teste dei 1.250 tyfonane i landet onsdag 13. januar for å sjekke om dei fungerer.

  Foto: Arkiv

Nyheiter

Onsdag 13. januar klokka 12 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg. Det opplyser Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i ei pressemelding.

Sivilforsvaret pleier å teste varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

– Varslingsanlegga er stort sett plasserte i byar og tettstader, og signala kan høyrast av over halvparten av befolkninga, seier fungerande sjef for Sivilforsvaret, Sigurd Heier.

Tyfonar blir brukte for å varsle befolkninga om akutt fare.