Krev meir til fylkesvegane

NPK: Fylkespolitikarar frå Møre krev meir av samferdslepengane frå Nasjonal transportplan og ein opptrappingsplan for fylkesvegane i fylket. 

Tove-Lise Torve og Kristin Sørheim kravde meir pengar til fylkesvegane i Møre og Romsdal i møte med Mørebenken.  Foto: Richard Nergaard, Romsdals Budstikke (Arkiv)

Nyheiter

Det kom fram i eit møte med stortingsrepresentantane frå fylket.

Det må kome ein opptrappingsplan for fylkesvegane i Nasjonal transportplan, meiner fylkespolitikarane i Møre Romsdal som måndag møtte stortingsrepresentantane på Mørebenken, skriv NRK.

Leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), forventar at fylkesvegane får eit løft. Ho krev òg at fylket får meir av samferdselspengane enn det har fått før. Av riksvegprosjekt peika fylkespolitikarane på E136 Ålesund-Innlandet grense og E39 mellom Ålesund og Molde.