Den eine meldinga gjeld ein tankbil som har køyrd seg fast i Vikebygdvegen. Bilen sperrar vegen. Politiet er på staden. Det vil ta tid å få rydda vegen, opplyser politiet til bebuarar i området.
Ein personbil sklei også inn i tankbilen. Det er svært glatt på staden
Møre-Nytt har fått tips om ei utforkøyring på Krøvelseidet.
- Det er sjukt glatt, seier vitnet.
Det vert likevel rådd til at Krøvelseidet og fv. 655 vert brukt som omkøyringsveg medan bilberginga held på i Vikebygda. Dette gjeld også dei som kjem frå Reset, ifølgje vegtrafikksentralen.