Fleire ungdomar vert følgt opp

– Narkotikalovbrot, vald, eige av våpen og seksuallovbrot

Konfliktrådet i Møre og Romsdal opplevde i 2020 ein nedgang i talet på saker. Samtidig stig talet på ungdomar som er overført til ungdomsoppfølging.

Konfliktrådet opplevde ein nedgang i talet på saker i 2020, men talet på ungdomar som vart overført til ungdomsoppfølging auka.  Foto: Illustrasjonsfoto: Max Emanuelson

Nyheiter

– Pandemien er hovudårsak i nedgangen i talet på saker overført til mekling, og færre politisaker i periodar med strenge smitteverntiltak har helt klart verka inn på sakstala, opplyser konfliktsrådleiar Kjartan Skotte i ei pressemelding.