Ørsta kan få leiinga av jordskifteretten

Jordskifteretten vert verande i Ørsta. Men retten skiftar namn frå Sunnmøre jordskifterett til Møre og Romsdal jordskifterett.

Ny epoke: Tida for Sunnmøre jordskifterett er snart over. Men kontoret i Ørsta vert ein del av den nye Møre og Romsdal jordskifterett. Avtroppande jordskiftedommar Olav Torvik er glad for at lokaliseringsprosessen er over. 

Sjølv om vi så godt vi kan har prøvd å oppretthalde den daglege drifta, tek slike prosessar på. Det slit på for alle tilsette

Nyheiter

Ørsta-kontoret kan også få leiinga for den nye og større jordskifteretten, men det vert avgjort når det er klart kven som vert tilsett som leiar for Møre og Romsdal jordskifterett. Og kvar vedkomande ynskjer å ha tilhaldsstad.