Etter eitt år som voldingar

Jon Egil er sjeleglad – Perry har mista gutsen

Eitt år har gått sidan Bjørke-området vart del av Volda, og vi har lodda stemninga i grendene heilt inst i Hjørundfjorden.

Jon Egil Finnes er sjeleglad for at Skjåstaddalen, Bjørke, Leira og Viddal omsider vart del av Volda kommune. Perry Bjørke har mista gutsen av heile greia.  Foto: Svein Nordal/Knut Hustad

Nyheiter

Jon Egil Finnes er soleklar: - Vi burde ha blitt del av Volda kommune ved kommunereformen i 1964! Då var det mange i bygdene her som helst såg at Hjørundfjorden vart med i Volda, ikkje minst på grunn av sjukehuset. Men resten av Hjørundfjorden ville ikkje dette. Men heldigvis er vi del av Volda no.