Fryktar SFO-kutt tvingar foreldre ut av arbeidslivet

Foreldre ved Sæbø skule er uroa over SFO-tilbodet. Dei er varsla om at tilbodet vert redusert frå 1. mars.

SFO: Sæbø-foreldre fryktar konsekvensane av eit ringare SFO-tilbod ved Sæbø skule. 

Nyheiter

For skuleåret 2020/2021 var det seks born ved Sæbø skule som ynskja å ha SFO morgon og ettermiddag kvar dag. Dette er under kravet om 10 søkjarar som dei nye vedtektene for SFO krev for at eit tilbod skal verte gitt. Foreldra er takksame for at kommunen kunne kome dei noko i møte og tilby ettermiddags-SFO på tysdagar og torsdagar i tillegg til 3-dagars tilbodet som det var tilstrekkeleg med søkarar på, heiter det frå foreldreutvalet ved Sæbø skule.