Digitale bekymringar til barnevernet

Bekymringsmeldingar kan no sendast inn digitalt til kommunane på søre Sunnmøre.  Foto: Pixabay.com

Nyheiter

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid tek i bruk digital løysing for å sende inn bekymringsmeldingar.

I samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har KS laga ei nasjonal løysing der alle meldarar, både privatpersonar og offentleg tilsette, enkelt kan sende bekymringsmeldingar digitalt til barnevernet på ein sikker måte. Løysinga er ein del av Digibarnevern.

Om løysinga

Den digitale løysinga skal sikre raskare og tryggare innsending av bekymringsmeldingar og betre kvalitet på innhaldet. I løysinga er det to ulike skjema, eitt for privat meldar og eitt for offentlege tilsette.

Brukarane loggar seg inn på portalen, skriv inn i skjema og sender inn bekymringsmeldinga. Løysinga vil etter dette levere bekymringsmeldinga direkte til barnevernstenesta sitt fagsystem (strukturert informasjon).

Link til portalen finn ein på den einskilde kommunen si heimeside.