Terje Grøstad og det eventyrlege sildefiske på Sunnmøre

I 1955 kom kunstnaren Terje Grøstad til Ålesund for å laga skisser av det eventyrlege sildefiske på Sunnmørskysten.

Kunstnar: Terje Grøstad laga skisser av det eventyrlege sildefiske på Sunnmørskysten i 1955. Turen på sildefiske gjorde sterke inntrykk .  Foto: Sigbjørn Vedeld

Nyheiter

Grøstad har tresnitt som sitt uttrykksmiddel og er ein av landets mest respekterte kunstnarar innan tresnitt. Sidan han laga sitt første tresnitt i 1950 har dette utrykkmiddelet vore ein del av kvardagen hans. Grøstad var fødd i Drammen og var elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Karl Høgberg. Han var elev ved Bjarne Engebrets Malarskole og ved Statens kunstakademi. I 1950 vart han gift med Synnøve Svartdal. Dei busette seg i Flatdal i Seljord. Han laga mange kunstverk med naturmotiv frå Telemark og Sørlandet.