Møt Stine Marie Gulla i God dag-praten:

– Vi er nok alle klar for ein tilnærma normal kvardag igjen

Å vere «kjetige», er artig

Nyheiter

Korleis ser kvardagen din ut?

Varierande ettersom eg jobbar nattevakter som intensivsjukepleiar. Men når eg ikkje jobbar og søv, så har eg fri-periode. Då går dagane med til å følgje opp ungane på skule og aktivitetar. Og arbeide med huset som er under renovering. Blant anna er det fotografering i hobbystudio i kjellaren, frivillig arbeid med til dømes ballettskulen. Og så avsluttar eg gjerne dagen saman med mannen min, ein god serie og litt strikk.