Politiet åtvarar mot falske sms-meldingar

Politiet ber folk vera på vakt mot svindlarar som prøver å lura folk med falske tekstmeldingar om pass.

Politiet opplyser om at bedragarar i desse dagar sender ut tekstmelding i forbindelse med nytt pass.   Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK

Nyheiter

I meldinga svindlarane sender ut, blir mottakarane bedne om å trykkja på ei lenke for å fylla ut eit skjema. Politiet skriv på nettsidene sine at dette er ein heilt uaktuell måte for dei å arbeida på, og ber folk vera på vakt mot folk som sender slike meldingar.

– Vi er kjende med at bedragarar i desse dagar sender ut SMS, tilsynelatande i samband med bestilling av pass, der ein blir bede om å fylle ut eit skjema ved å klikke på ei lenke i meldinga. Ikkje klikk på lenka! skriv politiet på nettsidene sine.

– Politiet vil ikkje be deg svare eller leggje informasjon gjennom ein SMS. Dette er forsøk på såkalla phishing, skriv politiet, som også oppmodar folk om å sjekke eventuelle nettadresser det blir lenka til.

– Ver merksam på at det kan vere falske nettsider, som ved første augekast kan sjå ekte ut, skriv dei.

Ingen av systema til politiet er påverka, og dersom du får ein slik SMS i samband med at du har bestilt time til nytt pass er dette reint tilfeldig.